torsdag 24. juni 2010

Flott påmelding til NM Fjordhest 2010

Pressemelding sendt 23. juni 2010

NM Fjordhest 2010 nærmar seg, og tysdag gikk påmeldingsfristen ut. 111 ekvipasjar og 5 lag er påmeldt. Derav konkurrerer 6 ekvipasjer i seniorklassa og 11 ekvipasjer i juniorklassa. Dei resterande deltek i opne klasser og greinmesterskap. Det er fortsatt muleg å etteranmelde seg, så det kan kome nokre ekstra påmeldingar.

I NM Fjordhest konkurrerer dei startande i greinene køyring, dressur og sprang. For å kjempe om NM-tittelen må ein delta i alle tre greinene. Her vert ekvipasjene delt inn i junior- og seniorklasse. Det vert også arrangert greinmesterskap i kvar grein, samt opne klasser. Dei ulike klubbane kan også stille med lag, der det er ein ekvipasje pr grein. Sidan både Ørsta og Volda stiller med lag her, kan det bli ein spennande avslutning, og kanskje får vi sjå dei to klubbane i lokaloppgjer på søndag?

Påmeldingstala er ganske like med dei to førre år, og arrangørane er svært nøgde med påmeldingane. Spesielt kjekt er det at det er så mange påmeldte til juniorklassa, det er det nokre år sidan sist, fortel stemneleiar Madsi Vinjevoll.

Dei startande kjem frå heile landet, og det er kanskje første året på ei god stund at Trøndelag vert representert på NM. Arrangørklubbane og naboklubbane er også godt representert, og det er kjekt at fleire av desse har gode resultat å vise til, og då truleg vil hevde seg høgt på resultatlistene.

NM Fjordhest 2010 går av stabelen 13.-18. juli i Ørsta. Det er Ørsta ride- og køyreklubb og Ørsta og Volda fjordhestlag som står som arrangørar, og det har vore jobba i eit års tid no, for å få på plass alt til denne veka.

Det er mykje som skal klaffe i forbindelse med eit så stort arrangement som NM Fjordhest no har blitt. Stemneleiar Anita Brekke fortel dei har heile tida hatt ein god følelse med arrangementet. Noko av grunnen til at dei ynskjer å arrangere NM i år, er å vise at ein ikkje treng å vere ein stor klubb, med eit flott anlegg for å klare dette. Likevel har vi gode fasilitetar, og legg opp til at NM i år skal bli minst like bra som tidlegare år, fortel ho.

NM Fjordhest er eit publikumsvennleg arrangement, og vi håper at mange vil legge turen til Ørsta denne veka. De er hjartans velkomne, både små og store!

Annika Brandal
Pr-ansvarleg