tirsdag 9. februar 2010

NM-prat på NRK M&R

Innslag om NM Fjordhest 2010 på NRK MR i dag. Etter 6 minutt og 45 sekund er det NM-prat.

http://www1.nrk.no/nett-tv/klipp/606049

fredag 5. februar 2010

Artikkel på www.vikebladet.no

Artiklen ligg ikkje på nett lenger.

image

http://vikebladet.no/article/20100205/SPORT/100209989/1037/NYHETER

Artikkel på hest.no

image

http://hest.no/artikkel.html?news.nid=6917&temasider.tid=0

Pressemelding sendt 04.02.10

Ørsta Ride- og Køyreklubb og Ørsta og Volda Fjordhestlag har saman tatt på seg den store og ærefulle oppgåva å arrangere Noregsmeisterskap for Fjordhest, 13. – til 18. juli 2010.

2606 109 (3)

NM Fjordhest vart for fyrste gong arrangert i Førde i 1986, og har deretter gått på rundgang mellom engasjerte fjordhestlag og rideklubbar i heile landet. I år er altså arrangementet lagt til Ørsta, og klubbane gler seg stort til alle dei to- og firbeinte besøkande denne veka. NM Fjordhest er også eit svært publikumsvennleg arrangement, så vi håper mange legg turen til Ørsta denne veka, både dei som driv med hest og andre. Her vert det mykje flott å sjå på!

I NM-komiteen for NM Fjordhest 2010 sit Madsi Vinjevoll, Anita Brekke, Gunvor Bjørdalsbakke Skaar, Per Ole Røed og Lisbeth Mo Myklebust.

Arrangementet vert lokalisert ved Utstillingsplassen/ridehallen i sentrum, med både konkurransebaner, gjestestallar og boder i nær avstand, og her er også god plass til publikum.

NM Fjordhest 08 249

Sparebank1 Ørsta Volda er hovudsponsor til arrangementet, og det gjer at vi kan føle oss trygge på at økonomien er på plass. I tillegg har vi hittil møtt mykje velvilje, både med Ørsta kommune, naboklubbar og frivillige, noko NM-komiteen set stor pris på, og som sjølvsagt er viktig for eit vellukka arrangement.

SB1_mal_L_CMYK

NM Fjordhest er eit arrangement underlagt Norges Idrettsforbund. NM har etter kvart utvikla seg til å bli eit meisterskap som samlar dei beste og mest allsidige fjordhestekvipasjane i landet. Det er eit høgt, og stadig stigande nivå på NM ekvipasjane.

NM Fjordhest har vorte eit veldig stort arrangement etter kvart, og siste åra har det vore godt over hundre ulike ekvipasjar til start. Dei tidlegare arrangørane har lagt lista høgt, så vi har noko å strekke oss etter, og har god tru på det også i Ørsta skal bli eit flott arrangement. Det er eit svært populært arrangement som kvart år dreg mykje publikum, ikkje berre frå Noreg, men også frå utlandet.

I NM Fjordhest konkurrerer ekvipasjene i både sprang, dressur og køyring. Det er ingen tvil om at fjordhesten er allsidig, og dei fleste ekvipasjene startar alle tre greinene, og gjer det godt i fleire greiner.

IMG_3697 (3)

For å starte individuelt NM må ein kvalifisere seg. Det vil seie at ein innanfor dei to siste åra må ha ridd/køyrd til godkjende resultat i dei klassene som inngår i kvalifiseringskravet. Det er i dei fleste tilfelle dei same klassene som inngår i NM samandraget.

I NM samandraget for seniorane inngår dressurriding, sprangriding og maratonkøyring. Ein rir som senior frå det året ein fyller 18 år.

For juniorane inngår dressurriding, sprangriding og presisjonskøyring. Ein kan delta i individuelt NM frå det året ein fyller 14 år, og til og med det året ein fyller 18 år.

I NM for Lag har ein ein deltakar i kvar grein, dressurriding, sprangriding og maratonkøyring. Alle deltakarane på laget må vere medlem av same rideklubb. Ein kan starte NM Lag frå det året ein fyller 13 år, og det kan vere både juniorar og seniorar på same lag.

Det er dei beste samanlagt i alle deløvingane som får NM-titlane.

I alle greiner vert det også arrangert opne klasser som ikkje krevjer kvalifisering.

Ei eiga nettside for arrangementet er snart på plass, og nettadressa vil bli reklamert for både på Facebook, i fjordhestforum og andre stadar.

NM-komiteen vil nytte høve til å ynskje alle saman velkomne til Ørsta denne veka, både to- og firbeinte, hestefolk og andre.

1105 006 (3)

FAKTABOKS:
NM Fjordhest 2010
13.-18. juli 2008 i Ørsta, ved Utstillingsplassen
Arrangør: Ørsta ride- og køyreklubb og Volda og Ørsta Fjordhestlag
Konkurrerer i sprang, dressur og køyring, både samanlagt, opne klasser, individuelt og lag
Venta rundt 100 deltakarar
Andre gong i Møre og Romsdal, sist i 1994 (Ålesund)
Publikumsvennleg arrangement

Meir info om NM Fjordhest kan de finne på www.fjordhest.no

Info om konkurranseriding/køyring på www.rytter.no

Klubbane sine heimesider:
Ørsta og Volda Fjordhestlag:
www.fjordhestlaget.com

Ørsta Ride- og Køyreklubb:
www.orkk.info

Annika Brandal
PR-ansvarleg
E-post: annika.brandal(a)gmail.com

Ta kontakt for bruk av bilde m.m.

torsdag 4. februar 2010

Pressekonferanse i dag, torsdag 4. februar

Det vert pressekonferanse i dag kl 17.00 i Sparebank1 Ørsta si kantine.

Alle som ynskjer å vite meir om arrangementet er velkomne! Presse har fått tilsendt invitasjon.