torsdag 15. juli 2010

NM i fjordhest i Ørsta

http://www.vikebladet.no/sport/article247988.ece

Frå Vikebladet torsdag 15. juli

Fest for fjordhest

http://www.smp.no/nyheter/soere/article248188.ece – frå Sunnmørsposten torsdag 15. juli.

Bilder frå LA:3 - onsdag

Eg ligg litt etter med bilda, det vert mange bilder på ein dag… Men her er iallfall litt bilder frå onsdag. Satsar på fleire kjem.

http://foto.annikaogsindre.com/#19

I morgon er det maratonkøyring. Anbefalar alle til å ta turen til Ørsta for å få med seg fart og spenning! Startar kl 10.00, og held på til om lag kl 15.30. Publikumsvennleg konkurranse, også for dei som ikkje er spesielt hesteinteresserte!

onsdag 14. juli 2010

Litt bilder frå NM

NM Fjordhest i Ørsta er i gong, og første konkurransedagen er over. Eg har knipsa nok bilder, prøvar å sortere ut litt no, for å legge ut på nett. Her er første smakebit.

Folk og dyr – trykk på play-pila for å spele av, så skiftar bilda automatisk.

http://foto.annikaogsindre.com/#18

lørdag 10. juli 2010

Ut på tur under NM?

I samband med NM Fjordhest 13.-18. juli har Ørsta reiselivslag satt opp eit turprogram i nærområdet dei dagane NM pågår, eit flott turopplegg for dei som ønskjer å sjå meir av Ørsta og omegn.

Det vert sett opp minibuss, med påstigning på stemneplassen og turistkontoret. Reiselivslaget ber om at alle melder seg på dagen før, slik at dei ser om dei treng ein eller to minibussar. Påmelding skjer til telefon 70068518 eller info@orstainfo.no.

Turprogrammet for veka finn du på NM si offisielle nettside; www.fjordhestnm.com, under menyvalet “Ut på tur?”.

Ørsta reiselivslag har lagt opp til tur til Bjørkedalsvatnet, Ivar Aasen-tunet, sentrumsvandring i Ørsta, busstur gjennom Sunnmørsalpane til Hjørundfjorden og fottur til Sætra, båttur på Hjørundfjorden og tur til øyriket i vest, fottur til utsiktsfjellet Muletua på Nerlandsøy.

Velkomne til tur!

fredag 9. juli 2010

Det nærmar seg NM Fjordhest 2010!

På tysdag startar endeleg NM Fjordhest. Det er nok ein del som har sommarfuglar i magen no (både arrangørar og deltakarar?), men alt går nok bra, og det vert eit flott arrangement!

imageMaratonen vert nok spanande på fredag! Her frå ei maratonkonkurranse på Nordfjordeid i fjor. Foto: Ingvild R. Hansen

13.- 18. juli er datoen, og Ørsta er staden.

Eg har ein plan om å få blogga frå veka, både resultat og bilder. Håper det let seg gjere.

Lykke til, alle som skal delta! Og vi andre lyt heie stort, som vanleg!

tirsdag 6. juli 2010

Invitasjon til NM Fjordhest - presse

I høve NM Fjordhest 2010 som går av stabelen i Ørsta 13.-18. juli vil vi gjerne invitere presse til arrangementet.

Måndag 12. juli vert det høve til å få ei omvisning på området, og ein liten stemningsrapport like før det "brakar laust". Dette legg vi opp til kl 11.00, oppmøte ved ridehallen i Ørsta (ved stadion). Det er fint om de gir ei tilbakemelding til underteikna om de kjem (mail: annika.brandal(a)gmail.com eller mobil: 408 409 00).

Programmet for veka elles finn de under, og de er hjartans velkomne kvar dag.

Tidene for når klassene startar er ikkje heilt på plass endå, men dei første klassene vil truleg starte i 8-9-tida om morgonen, og det vil vere program utover ettermiddag/kveld kvar dag.
Meir spesifikk program kan de få måndag 12. juli.

På nettsida, http://www.fjordhestnm.com/, finn de oversiktt over kven som er påmelde, og de kan då leite opp kven som er lokale frå ditt område.

For spørsmål, kontakt underteikna.
Mvh Annika Brandal
Mobil 408 409 00
E-post: annika.brandal@gmail.com

FØREBELS PROGRAM:

Tysdag 13.07
Sekretariatet opnar /stemnet startar kl 12.00 og er ope til 22.00.
Veterinærkontroll frå ca kl 16.00. – 22.00. Nærmare spesifisert i ryttarmelding

Onsdag 14.07
Offisiell opningsseremoni.

Kl. 02  LB: 2 (1 avd NM junior) open 130 + 10
Kl. 03  LA:3 (1 avd. NM senior , NM Lag og Greinmeister dressur) open 130 + 10
Kl. 22  LA:6 open 130 + 10
Kl. 23  MB:1 open 150 + 10

Torsdag 15.07
Kl. 01  LC:1 open for ekvipasjar som ikkje har starta LA eller startar klasse 3 og/eller 4 120
Kl. 04  LA:0 (2. avd Greinmeister dressur) open 130 + 10
Kl. 05  Lett Dressurkøyring (1. avd Lett DMP) open for dei som ikkje har starta middels dressurkøyring 120 + 10
Kl. 06  Middels Dressurkøyring (1. avd Greinmeister Køyring) open 130 + 10
Kl. 16 Greinmeister Dressur 2010 (samandrag av klassane 3+4). Krev kval. samt påm. i tilhøyrande klasser 150

Fredag 16.07
Kl. 09  Middels maratonkøyring ( 2 avd NM Senior, NM Lag og Greinmeister Køyring) open 130 + 10
Kl. 14  Lett maratonkøyring (2 avd Lett DMP) open 120 + 10

Laurdag 17.07
Kl. 07  Lett presisjonskøyring (3. avd Lett DMP) open CA0 120 + 10
Kl. 08  Middels presisjonskøyring (2. avd NM junior, 3. avd Greinmeister Køyring) open CA0 130 + 10
Kl. 24  LB:1 open 120 + 10
Kl. 25  LC:3 open 120
Kl. 15 Lett DMP (samandrag av klasse 5+7+14) krev påmelding i klasse 5+7+14 150
Kl. 17 Greinmeister Køyring 2010 (samandrag av klassane 6+8+9) Krev kval. samt påm. i tilhøyrande klassar 150

Sundag 18.07
Kl. 60 cm open

Kl. 10  Clear round 70 cm open 279 CR 100
Kl. 11  80 cm feil og stil open 280 120
Kl. 12  80 cm sprang (3. avd NM Junior, NM Senior og NM Lag) open 238.2.2 130
Kl. 13  100 cm feil og stil (2 avd Greinmeister sprang) open 280+Omh 130
Offisiell avslutningsseremoni.

torsdag 24. juni 2010

Flott påmelding til NM Fjordhest 2010

Pressemelding sendt 23. juni 2010

NM Fjordhest 2010 nærmar seg, og tysdag gikk påmeldingsfristen ut. 111 ekvipasjar og 5 lag er påmeldt. Derav konkurrerer 6 ekvipasjer i seniorklassa og 11 ekvipasjer i juniorklassa. Dei resterande deltek i opne klasser og greinmesterskap. Det er fortsatt muleg å etteranmelde seg, så det kan kome nokre ekstra påmeldingar.

I NM Fjordhest konkurrerer dei startande i greinene køyring, dressur og sprang. For å kjempe om NM-tittelen må ein delta i alle tre greinene. Her vert ekvipasjene delt inn i junior- og seniorklasse. Det vert også arrangert greinmesterskap i kvar grein, samt opne klasser. Dei ulike klubbane kan også stille med lag, der det er ein ekvipasje pr grein. Sidan både Ørsta og Volda stiller med lag her, kan det bli ein spennande avslutning, og kanskje får vi sjå dei to klubbane i lokaloppgjer på søndag?

Påmeldingstala er ganske like med dei to førre år, og arrangørane er svært nøgde med påmeldingane. Spesielt kjekt er det at det er så mange påmeldte til juniorklassa, det er det nokre år sidan sist, fortel stemneleiar Madsi Vinjevoll.

Dei startande kjem frå heile landet, og det er kanskje første året på ei god stund at Trøndelag vert representert på NM. Arrangørklubbane og naboklubbane er også godt representert, og det er kjekt at fleire av desse har gode resultat å vise til, og då truleg vil hevde seg høgt på resultatlistene.

NM Fjordhest 2010 går av stabelen 13.-18. juli i Ørsta. Det er Ørsta ride- og køyreklubb og Ørsta og Volda fjordhestlag som står som arrangørar, og det har vore jobba i eit års tid no, for å få på plass alt til denne veka.

Det er mykje som skal klaffe i forbindelse med eit så stort arrangement som NM Fjordhest no har blitt. Stemneleiar Anita Brekke fortel dei har heile tida hatt ein god følelse med arrangementet. Noko av grunnen til at dei ynskjer å arrangere NM i år, er å vise at ein ikkje treng å vere ein stor klubb, med eit flott anlegg for å klare dette. Likevel har vi gode fasilitetar, og legg opp til at NM i år skal bli minst like bra som tidlegare år, fortel ho.

NM Fjordhest er eit publikumsvennleg arrangement, og vi håper at mange vil legge turen til Ørsta denne veka. De er hjartans velkomne, både små og store!

Annika Brandal
Pr-ansvarleg

tirsdag 9. februar 2010

NM-prat på NRK M&R

Innslag om NM Fjordhest 2010 på NRK MR i dag. Etter 6 minutt og 45 sekund er det NM-prat.

http://www1.nrk.no/nett-tv/klipp/606049

fredag 5. februar 2010

Artikkel på www.vikebladet.no

Artiklen ligg ikkje på nett lenger.

image

http://vikebladet.no/article/20100205/SPORT/100209989/1037/NYHETER

Artikkel på hest.no

image

http://hest.no/artikkel.html?news.nid=6917&temasider.tid=0

Pressemelding sendt 04.02.10

Ørsta Ride- og Køyreklubb og Ørsta og Volda Fjordhestlag har saman tatt på seg den store og ærefulle oppgåva å arrangere Noregsmeisterskap for Fjordhest, 13. – til 18. juli 2010.

2606 109 (3)

NM Fjordhest vart for fyrste gong arrangert i Førde i 1986, og har deretter gått på rundgang mellom engasjerte fjordhestlag og rideklubbar i heile landet. I år er altså arrangementet lagt til Ørsta, og klubbane gler seg stort til alle dei to- og firbeinte besøkande denne veka. NM Fjordhest er også eit svært publikumsvennleg arrangement, så vi håper mange legg turen til Ørsta denne veka, både dei som driv med hest og andre. Her vert det mykje flott å sjå på!

I NM-komiteen for NM Fjordhest 2010 sit Madsi Vinjevoll, Anita Brekke, Gunvor Bjørdalsbakke Skaar, Per Ole Røed og Lisbeth Mo Myklebust.

Arrangementet vert lokalisert ved Utstillingsplassen/ridehallen i sentrum, med både konkurransebaner, gjestestallar og boder i nær avstand, og her er også god plass til publikum.

NM Fjordhest 08 249

Sparebank1 Ørsta Volda er hovudsponsor til arrangementet, og det gjer at vi kan føle oss trygge på at økonomien er på plass. I tillegg har vi hittil møtt mykje velvilje, både med Ørsta kommune, naboklubbar og frivillige, noko NM-komiteen set stor pris på, og som sjølvsagt er viktig for eit vellukka arrangement.

SB1_mal_L_CMYK

NM Fjordhest er eit arrangement underlagt Norges Idrettsforbund. NM har etter kvart utvikla seg til å bli eit meisterskap som samlar dei beste og mest allsidige fjordhestekvipasjane i landet. Det er eit høgt, og stadig stigande nivå på NM ekvipasjane.

NM Fjordhest har vorte eit veldig stort arrangement etter kvart, og siste åra har det vore godt over hundre ulike ekvipasjar til start. Dei tidlegare arrangørane har lagt lista høgt, så vi har noko å strekke oss etter, og har god tru på det også i Ørsta skal bli eit flott arrangement. Det er eit svært populært arrangement som kvart år dreg mykje publikum, ikkje berre frå Noreg, men også frå utlandet.

I NM Fjordhest konkurrerer ekvipasjene i både sprang, dressur og køyring. Det er ingen tvil om at fjordhesten er allsidig, og dei fleste ekvipasjene startar alle tre greinene, og gjer det godt i fleire greiner.

IMG_3697 (3)

For å starte individuelt NM må ein kvalifisere seg. Det vil seie at ein innanfor dei to siste åra må ha ridd/køyrd til godkjende resultat i dei klassene som inngår i kvalifiseringskravet. Det er i dei fleste tilfelle dei same klassene som inngår i NM samandraget.

I NM samandraget for seniorane inngår dressurriding, sprangriding og maratonkøyring. Ein rir som senior frå det året ein fyller 18 år.

For juniorane inngår dressurriding, sprangriding og presisjonskøyring. Ein kan delta i individuelt NM frå det året ein fyller 14 år, og til og med det året ein fyller 18 år.

I NM for Lag har ein ein deltakar i kvar grein, dressurriding, sprangriding og maratonkøyring. Alle deltakarane på laget må vere medlem av same rideklubb. Ein kan starte NM Lag frå det året ein fyller 13 år, og det kan vere både juniorar og seniorar på same lag.

Det er dei beste samanlagt i alle deløvingane som får NM-titlane.

I alle greiner vert det også arrangert opne klasser som ikkje krevjer kvalifisering.

Ei eiga nettside for arrangementet er snart på plass, og nettadressa vil bli reklamert for både på Facebook, i fjordhestforum og andre stadar.

NM-komiteen vil nytte høve til å ynskje alle saman velkomne til Ørsta denne veka, både to- og firbeinte, hestefolk og andre.

1105 006 (3)

FAKTABOKS:
NM Fjordhest 2010
13.-18. juli 2008 i Ørsta, ved Utstillingsplassen
Arrangør: Ørsta ride- og køyreklubb og Volda og Ørsta Fjordhestlag
Konkurrerer i sprang, dressur og køyring, både samanlagt, opne klasser, individuelt og lag
Venta rundt 100 deltakarar
Andre gong i Møre og Romsdal, sist i 1994 (Ålesund)
Publikumsvennleg arrangement

Meir info om NM Fjordhest kan de finne på www.fjordhest.no

Info om konkurranseriding/køyring på www.rytter.no

Klubbane sine heimesider:
Ørsta og Volda Fjordhestlag:
www.fjordhestlaget.com

Ørsta Ride- og Køyreklubb:
www.orkk.info

Annika Brandal
PR-ansvarleg
E-post: annika.brandal(a)gmail.com

Ta kontakt for bruk av bilde m.m.

torsdag 4. februar 2010

Pressekonferanse i dag, torsdag 4. februar

Det vert pressekonferanse i dag kl 17.00 i Sparebank1 Ørsta si kantine.

Alle som ynskjer å vite meir om arrangementet er velkomne! Presse har fått tilsendt invitasjon.